Microman AS vart etablert i 1986 på Lundegrend i Tysnes kommune. Frå starten av var hovudoppgåva å utvikla hardware/software for industri, skip og havbruk basert på PLC- (PLS) system og dedikert elektronikk.

Utover i nittiåra har firma spesialisert seg på konstruksjon av mikroprosessorbasert elektronikk med tilhøyrande programvare, tilrettelagt for m.a. havbruk og anna industriverksemd. Firma rår i dag over eige moderne utstyr for utvikling av elektronikk og programvare - der alt er basert på Motorola mikroprosessorar og kompakte kretsløysingar.

Microman AS er ei leiande verksemd på utvikling og produksjon av elektroniske kontrollsystem til fôringsanlegg og teljing/vaksinering av fisk. Firma leverer i dag elektroniske styresystem til Lumic AS og ARENA AS

Som enkeltoppdrag utviklar Microman AS elektronikk for andre produsentar. Firma rår over kompetanse i analog- og digital teknikk og kan produsera elektronikk i mindre målestokk.